Ein av Noregs mest kjende kritikarar viser vegen inn i det nye litterære landskapet. Oppstarten er i 1990, og turen er i følgje med prosaforfattarar som Jonny Halberg, Levi Henriksen, Mirjam Kristensen, Karl Ove Knausgård, Trude Marstein, Ingeborg Arvola, Tore Renberg, Linn Ullmann, Olaug Nilssen, Erlend Loe og mange fleire. Marta Norheim fortel engasjert om det som rører seg i samtidslitteraturen, anten det dreier seg om maktkamp og sex eller krig og katastrofar, og lar deg møte skjelvande nevrotikarar, antiurbane ekstrembygdisar, mistilpassa og ambisjonsløse outsiderar, barnemordarar og kroppsfikserte kvinner saman med heltemodige småbarn og kloke bestemødre. Forfattaren er mellom anna kjent frå Boktilsynet og Kulturnytt i NRK radio.