Gjøa er 18 år og forlet ein heim reven i to av skilsmisse. No skal ho jobbe ein sommarsesong ved ei turisthytte på Fægrane, som ligg inst i ein fjelldal på Nordvestlandet. Hytta er driven av Olaug og Gunnar Færgrane, og drifta er prega av den skeive arbeidsdelinga mellom Olaug, som er prega av trong økonomi og for stor arbeidsbør, og Gunnar, som berre gjer det han må. Parets son, den halvhjarta studenten Ingebrigt, kjem òg heim for sommaren. Gjøa og Ingebrigt utviklar ei fortrulegheit som gir Gjøa eit motstykke til det urolege heimelivet. Romanen tematiserer relasjonen mellom foreldre og barn, naboar, og kollisjonen mellom sjølvrespekt og behovet for harmoni. Omtalen er utarbeidd av BS.