Dette er ei samling med tre spøkelseshistorier av Henry James (1843-1916), kjent som den moderne forteljarkunstens store meister. Henry James hadde sans for det overnaturlege og skreiv i ein periode av forfattarskapen ei lang rekke historier der det overnaturlege blir utforska. Den mest kjente, "Skruen strammar seg", er ein klassisk tekst full av uhygge, kjent både for sin avanserte forteljarteknikk og for si dyrking av det merkelege og det vonde. Dei to novellene "Sir Edmund Orme" og "Venner av vennene" er også med i denne utgåva.