Denne boka gir ei innføring i kunsten å skrive gode tekstar. Ho inneheld tips og råd om alt frå blogginnlegg og tvitring til julebrev og minnetalar. Boka omhandlar altså både tekstar til privat bruk og til bruk i ein større offentleg samanheng. Her er råd om korleis du kjem i gang med ein tekst, og kva du kan gjere for å betre den. Forfattaren ynskjer å fremje kreativitet og skriveglede, og formidlar dette mellom anna ved hjelp av ulike eksempel. Kvart kapittel munnar så ut i ein konkret skriveinstruks.