Song til mor

Roman  •  Biografiske forteljingar  •  Vaksne

Song til mor : roman

Margreth Olin

2024

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Anbefaling frå eit anna bibliotek

Varm hyllest til mor, til far og til heimstaden

Vi kjenner Margreth Olin som filmskapar, men ho har og verkeleg ordet i si makt. Olin har hatt tøffe påkjenningar i livet, og reiser heim til Oldedalen til mor og far. Her fylgjer ho faren gjennom dei fire årstidene på vandring i Oldedalen, det som blir til filmen Fedrelandet. Natta etter premieren blir mor sjuk, og døyr to dagar etter. Denne boka er ei kjærleikserklæring til henne, men og til far og til naturen, til Oldedalen og til kunsten. Ei nydeleg bok, her er mykje kvardagsvisom å henta. P.S Filmen kan også anbefalast.

Om boka

  • Familieforhold
  • Mødrer og døtrer
  • Oldedalen
  • Margreth Olin (dokumentarfilmskapar), 1970-
Margreth Olins mor har aldri vore som andre mødrer. Kanskje skulle ho ha vore kunstnar sjølv. Ho arbeidde på handelslaget, det var ein kunst, det òg. Ho var fylt av song og kjærleik.Etter tretti år som filmskapar vert Margreth overmanna av livet og veit ikkje korleis ho skal takle det. Som alltid reiser ho heim for å søkje råd hos foreldra sine. Resultatet er filmen Fedrelandet, men slutten blir ikkje som ho hadde tenkt. Song til mor er ei øm forteljing om livslang kjærleik - til naturen, til kunsten, til mor og far.

Utgåver