Ein roman om farleg fridom, om sjukdom som viljesakt og arbeid. Det handlar om ei namnlaus jente. Tretten år gammal syklar ho til sin første sommarjobb på hotellet. Når ho er femten år er ho streng og viljesterk, klar til å øydelegge. Ho har både eit hardt og omsynsfullt blikk på seg sjølv. Kroppen har fått ny form, og det veks dun på ryggen hennar. Til slutt kan ho knapt reise seg, og må bu på ein institusjon.