Teo tar sjansen

Roman  •  6 – 12 år

Teo tar sjansen

Solveig Blindheim Bendixen

2012

Illustratør:
Trond Bredesen

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Teo er på SFO. Der har dei fått ei klinkekulebane som Teo gjerne vil leike med. Problemet er berre at tredjeklassingane ikkje vil la han sleppe til. Ein dag han er inne på avdelinga for å drikke vatn, kjem han på at han kan smugle bana med seg ut i regnbuksa. Teo har nemleg oppdaga eit hemmeleg rom ute i skuret til vaktmeisteren, og her kan han leike med bana heilt i fred. Men det går ikkje heilt som Teo hadde tenkt. Klinkekulebana blir sakna, og å få henne tilbake utan å bli oppdaga, viser seg å ikkje vere heilt enkelt. Teo har satt seg sjølv i ein vanskeleg situasjon. Dette er ein forteljing med humor, gjenkjenning og overrasking. Forteljing for småskole-/mellomtrinnet.

Utgåver