Lars er 10 år og skriv dagbok. Han bur i ein by i eit hus med fleire leigebuarar, og livet i huset og på skolen er det han er oppteken av. Livet til Lars er alt anna enn kjedeleg, og han fortel med entusiasme og engasjement om store og små hendingar i kvardagen. Sidan boka er skriven somdagbok er ho sjølvsagt fortald i eg-form, og difor vert ikkje historia heiltoverbevisande. Til berre å vere 10 år, er Lars ein særs velformulert og erfaren forteljar, og han nyttar ord og vendingar som ikkje alltid fell heilt naturleg for ein 10-åring. Teksten er illustrert med barneteikningar teikna med tusj. Cappelen, 1998.