Kva er det med trebåten som verkar så forlokkande på moderne menneske i dag? Med dette spørsmålet i bagasjen tok forfattar Knut Markhus sjøvegen fatt, på jakt etter svar? Han skildrar dei mangfaldige trebåtmijøa langs norskekysten, Han er innom aktive og pensjonerte båtbyggjarar, han besøkjer kystlag og fartøyvernsentra ? og han møter etablerte familiefedrar som brukar alt dei har av pengar og fritid på trebåten sin. Undervegs fortel Markhus om dei ulike trebåttypane og deira historikk; om storslåtte skonnerter, smekre oselvarar, høgreiste hardangerjaktar og solide nordlandsbåtar. Forfattaren teiknar eit bilde av ein kystkultur som hadde gått tapt, om det ikkje var for alle entusiastane i våre dagar som på ulike vis held den norske trebåttradisjonen levande. Rikt ill. med fotografi i både fargar og svart/kvitt. Har litteraturliste.