TV-vert Ragnhild Sælthun Fjørtoft har heile livet hatt eit sterkt tilhøve til norsk lyrikk, og ho har alt frå barneåra framført dikt i ulike lag og forsamlingar. I føreordet til denne antologien fortel ho litt om sitt personlege forhold til poesi, og i tillegg har ho utstyrt somme av dikta med korte kommentarar. Dikta er alle av norske forfattarar og er på nynorsk. Har kjelder.