Utveg

Roman  •  13 – 15 år  •  16-17 år

Utveg : roman

Erling A. Westgaard Flote

2024

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Familieforhold
  • Bygdesamfunn
  • Tenåringsjenter
  • Odel
Når alt ikkje er som det ser ut. Johanne går andre året på vidaregåande og har allereie begynt å planlegge framtida si når ho er ferdig på skulen. Ho vil studere psykologi, flytte ut av den tronge bygda og oppleve verda. Men forelda har andre planar for henne, dei vil at ho skal overta slektsgarden. Gjennom nokre varme veker i mai blir Johanne tvinga til å ta eit oppgjer med familien sin, venene sine og ikkje minst med seg sjølv. Skal ho halde fram den nye venskapen med Linn, sjølv om Linn heng med rånarane og er så annleis enn ho sjølv? Skal ho ta over garden eller bryte med tradisjonen? Og korleis skal ho stille seg til familiehemmelegheitene som plutseleg dukkar opp? "Utveg" er ein roman om venskap, om det å vekse opp og finne ut at vaksne ikkje alltid gjer det rette, og kanskje finne nye vegar ein ikkje visste fanst. Roman for ungdomstrinnet/unge voksne.

Utgåver