Venninnene Bente, Kami og Ingrid skal ha ei ferieveke saman på hytta. Men ferien blir ikkje heilt slik dei har tenkt det. For det første har Kami og Ingrid noko hemmeleg på gong som Bente ikkje får vite om. For det andre skjer det innbrot og valdtekt i hytteområdet, og jentene blir dratt inn i etterforskinga. I tillegg får Bente ei bildemelding frå ein eller annan som følgjer godt med på alt dei gjer. Bente finn det også vanskeleg å forstå at Marius eigentleg er forelska i henne. Nynorsk tekst. Spenning for ungdomstrinnet.