Med sikker hand har forfattaren skapt eit knippe dikt for dei yngste lesarane. Her er regler og dikt med enderim og god rytme, men også nokre dikt i fri form. Lun humor, morosame poeng og det litt småpussige går att i dei fleste av innslaga. Dikta har ei moderne og god nynorsk språkdrakt. Det er nytta storbokstavskrift og skrifttypene erstore. Illustrasjonane til Øyvind Torseter og Saeko Matsushita spelar godt på lag med kvarandre og med teksten og gjer det heile til ei innbydande og gjennomført bok. Bileta er haldne i duse fargar og er utførte i blandingsteknikk. Illustratørene er ikkje redde for å gå nye vegar i val av teknikk, og dei spelar på mange ulike stilartar. Damm, 1999.