Yoga

Roman  •  Biografiske forteljingar  •  Vaksne

Yoga

Emmanuel Carrère

2020

Originaltittel:Yoga

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Depresjon
  • Yoga : filosofi
  • Emmanuel Carrère (forfattar), 1957-
Dette er ei bok om yoga, eller, slik var ho i alle fall tenkt. Solbadande i eigen suksess (Riket), og for ein gongs skuld lykkeleg komfortabel i livet, slik det artar seg på veg mot seksti, vil Carrère skrive ei lita oppbyggeleg bok om yoga og meditasjon. Men frå første side i den boka du no har gripe tak i, blir det heilt klart for lesaren at verken boka, eller livet, tok den retninga forfattaren såg for seg. Under ein yoga-retreat får Carrère opphaldet avbrote av terroren mot Charlie Hebdo, og han søkk ned i ein djup depresjon som endar i ein tilstand av mental ubalanse og eit opphald på sinnssjukehus. Der blir han behandla med elektrosjokkterapi. I tillegg raknar ekteskapet, og etter nokre månader finn me Carrère i Irak på jakt etter ein koran stenka i blodet til Saddam Hussein, før han prøver å finne att likevekta som skrivelærar, omgitt av unge båtflyktningar på den greske øya Leros. Dette er ei bok om éin manns ønske om å bli betre, og om å vere betre. Yoga er marinert i tvil, og kastar oss ut mot medvitets yttergrenser, der vi endeleg kan sjå tinga slik dei verkeleg er.

Sjå Anne Kristine frå Tromsø bibliotek og byarkiv fortelje om boka

Utgåver