Rom og utstyr
Vindaverkstaden
Få utløp for dine kreative evner, lær nye ting og treff andre på Vindaverkstaden.
Vindaverkstaden er ein skaparverkstad, også kalla makerspace. Her kan du bruka biblioteket sitt utstyr til å få utløp for dine kreative evner, læra nye ting og treffa andre.
Vindaverkstaden held til i 3. etasje på Vindafjord bibliotek. Opningstida er torsdagar frå 15.00-18.00.
Her kan du bruka dine kreative dugleikar, læra nye teknikkar, bli inspirert og koma i kontakt med andre som har liknande interesser som deg.
Dette er noko av utstyret du kan bruka
- 3D- printar
- Vinylkuttar
- Symaskin
- Overlockmaskin
- Strykepresse
- Strawbees
- Micro:Bit
- Sømbyste
- Strykebrett og strykejern
- Skjærebrett til tekstil og papp
Gratis å bruka
Opplæring i bruk av utstyr blir gitt i den betente opningstida torsdagar. Når du har fått opplæring og er sjølvhjulpen, kan du også bruka utstyret når biblioteket er ope.
Vindaverkstaden sitt utstyr er gratis å bruka. Når det kjem til materiell, som til dømes vinyl til vinylkuttaren, kan du ha dette med sjølv eller kjøpa av oss. Når me har temadagar og seminar, er det gratis å delta på desse, med mindre anna er særskilt opplyst.
Noko for alle
Tanken bak Vindaverkstaden er å gje innbyggarane mogelegheit til å utvikla dugleik og ha ei meiningsfull fritid. Reiskap er valt med tanke på at innbyggarar i alle aldrar skal kunna finna utstyr som appellerer til dei.
Ein lærer av kvarandre, og bibliotekaren gir tips og råd når det gjeld maskinparken. Den kreative utføringa er det du sjølv som står for.